PEM fuel cell

PEM fuel cell står for Proton Exchange Membrane og er benevninga på ei brencelcelle som nyttar denne typen teknologi.

Brencelceller er meir og meir aktuelt på markedet og Mjølsnes elektronikk service har valgt å satse på dette.

 

Sal og rådgjeving av løysingar tilknytt brenselcelle for hydrogen.

Med erfaring innen design, utvikling og testkøyring av brenselcelle kan me levere tenester innen brenselceller.

 

Bakgrunnen for at me no kan tilby denne type tenester er at Bjørn Mjølsnes har tatt ein bachelorgrad innan fornybar energi med fordjupning i brenselcelle.

Verkemåte for ei brenselcelle er at den får tilført hydrogen og oksygen i form av gass og gjennom ein kjemisk rekasjon får ein ut energi i form av straum og varme samt reint vatn i form hav H2O.

Har du spørsmål til kva og korleis ein kan bruke ei brenselcelle til, ta kontakt og me vil bistå deg. Me har også kontakt med leverandører på forskjellige ferdige løysingar på brenselceller.

 

Effektkurva til ei brenselcelle varierer med spenninga og straumen og eit godt kontrollsystem for å kontrollere ei slik celle er viktig.

Mjølsnes elektronikk service har utvikla programvare for å køyre automatiske IV kurver på brenselceller der ein har kontroll på fuktig av hydrogengassen, varme på brenselcella, tryggregulering og straumbegrensning.

Slike kurver er brukt for å finne arbeidsområdet til brenselceller og ein viktig del av å designe brenselceller for eit system.