Radiosamband PMR

Rådgjevning, sal og montering av kommunikasjonsløysingar.

Samband for god kommunikasjon mellom mannskap i bedrifta.

Radiosamband over GSM.

Kommuniser uavhening av avstand, med klar tale og full duplex med den nye løysinga frå Icom. Me leverer no radioar som nyttar Telia sitt nett til å kommunisere med. Desse gjer kvardagen lettare for brukere som før har hatt problem med dekning, rekkevidde og talekvalitet. Denne løysinga passar godt til tunnelsamband der ein har GSM dekning.

Radiosamband over GSM-nett.

DSC_1044 DSC_1046 IMG_20141026_182020

Få din eigen kanal som ditt firma kan disponere fritt internt i bedrifta.  Kan også samarbeide med felleskanal for
kommunikasjon med fleire entreprenørar.

Løysingar

  • Fastmontert mobilradioar for kommunkasjon mellom køyretøy.
  • Tunnelsamband med GSM funksjon for å kunne ringe ut og ringe inn via håndholdt radio.
  • Telefonoverdrag til analoge eller digitale linjer for vidare bruk som tildømes innringing til taxi.
  • Repeater for å auke rekkevidde over lengre distansar eller hindringar.
  • Linjekort med link for å kunne kopla samband saman med telefon, GSM, andre nett o.l
  • Radiomodem for å fjernstyring over radiosamband. Relestyring, datakommunikasjon og PLS.
  • Radio over IP (RoIP). Ofte nytta der ein ynskjer å nytte datanettverk til å knytte saman fleire ulike nett eller repeatere.
  • Styringskort for å fjernstyre repeatere og kunne slå av og på rele via radiosamband.

Kort om radiofrekvens

VHF (136-174 MHz)
Vert nytta til jaktradioar og over lengre avstandard. Har ein lågare frekvens som gjev til at bølgelenga er lengre. VHF passar best på opne plassar og over lengre avstandar.

UHF (400-470 MHz)

UHF har kortare bølgjelengde enn VHF. Dette resulterar i at signala tålar meir avbøyning. Vert nytta til samband der dekning er viktig og terrenget er kupert. Fungerer utmerket i tunnel og kan ha mindre rekkevidde enn VHF. Mykje nytta av entreprenørar.

dekning for webkant

Dokumentasjon UHF dekning for kommunikasjo

Nokre firma me har levert kommunikasjonsløysing for:

  • Flage Maskin AS
  • Jordalen Maskin AS
  • Hildestveit Maskin AS
  • Rogne Transport AS
  • Scan-Tank Gass AS
  • Ekehaug Maskin AS
  • Voss Taxi AS
  • HVA AS
  • Oppheimsheisen AS

Me er direkte forhandlar for Icom og har levert kommunikasjonsløysingar sidan 2008. Frå enkle håndsett til komplekse anlegg for kommunikasjon via linksystem. Me leverer også løysingar frå andre leverandører.


Top