Radiosamband og systemløysingar

Radiosamband for bedrifter som treng kommunikasjonsløysingar.

Få din eigen kanal som ditt firma kan disponere fritt internt i bedrifta.  Kan også samarbeide med felleskanal for kommunikasjon med fleire entreprenørar.

dekning for webkant

Dokumentasjon UHF dekning for kommunikasjon frå Jordalstunnelen.

Nokre referansar:

    • Sambandssystem med batteribackup og redudanse over 4G i Noregs nest lengste tunnel, Gudvangatunnelen samt Flenjatunnelen. 16 km totalt.
      Kunde: Flage Maskin AS.
    • Sambandssystem UHF med telefoni over GSM for kommunikasjon inn på stuff. Jordalstunnelen 3 km.
      Kunde: Flage Maskin AS
    • Oppgradering av samband for taxisentral med fjernstyring og telefonioverdrag.
      Kunde: Voss Taxi AS

Løysingar

  • Fastmontert mobilradioar for kommunkasjon mellom køyretøy.
  • Tunnelsamband med GSM funksjon for å kunne ringe ut og ringe inn via håndholdt radio.
  • Telefonoverdrag til analoge eller digitale linjer for vidare bruk som tildømes innringing til taxi.
  • Repeater for å auke rekkevidde over lengre distansar eller hindringar.
  • Linjekort med link for å kunne kopla samband saman med telefon, GSM, andre nett o.l
  • Radiomodem for å fjernstyring over radiosamband. Relestyring, datakommunikasjon og PLS.
  • Radio over IP (RoIP). Ofte nytta der ein ynskjer å nytte datanettverk til å knytte saman fleire ulike nett eller repeatere.
  • Styringskort for å fjernstyre repeatere og kunne slå av og på rele via radiosamband.

Kort om radiofrekvens

VHF (136-174 MHz)
Vert nytta til jaktradioar og over lengre avstandard. Har ein lågare frekvens som gjev til at bølgelenga er lengre. VHF passar best på opne plassar og over lengre avstandar.

UHF (400-470 MHz)

UHF har kortare bølgjelengde enn VHF. Dette resulterar i at signala tålar meir avbøyning. Vert nytta til samband der dekning er viktig og terrenget er kupert. Fungerer utmerket i tunnel og kan ha mindre rekkevidde enn VHF. Mykje nytta av entreprenørar.

Generelt

Me er direkte forhandlar for Icom og Hytera og har levert kommunikasjonsløysingar sidan 2008. Frå enkle håndsett til komplekse anlegg for kommunikasjon via linksystem. Me sel kun til bedrift.


Top